Miriam Mulelid

Vigra, Norway

fra innsida

Gud fortsatte å kalle på meg, sjølv om eg hadde vendt han ryggen. Han forvandla meg frå innsida, gjennom sitt ord. Ikkje gjennom tvang, men gjennom hjarta.

Eg hadde valt å vende Gud ryggen. Eg ville ikkje ha meir med han å gjere. 17 år, egenrådig og sta, ville eg ta mine eigne valg. Og det gjorde eg. Eg tok mange dumme valg, som forandra meg og livet mitt, men ikkje til det betre. Det vart ikkje så hakkande gale heller, sett frå utsida, men det var tomt. Meiningslaust. 

Etter to år med dette livet, bestemte eg meg for å gi Gud ein sjanse. Arrogant nok, som om det var Gud som skulle prøvast, og ikkje eg. Men Gud var trufast, for det var han som hadde dratt meg tilbake, og han fortsatte å dra i meg dei neste åra. Eg fekk kristne venner som hjalp meg i gong med bibellesing og som var gode forbilder. Gud viste meg at han såg meg og var med meg ved at bibelversa eg las passa perfekt inn i livssituasjonen min etterkvart som eg endra meg. Endringa kom frå innsida, ikkje som ei tvangstrøye!

Romerne 10,17 er eitt av versa som eg synest beskriv godt det som hendte meg: "Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord."   Guds ord skapte trua i meg.

I dag er eg framleis i ein prosess. Eg lærer om Gud og om meg sjølv. Det er ikkje lett, men absolutt verdt det. Eg får sjå at Gud er stor! 

Du kan få høyre heile historia mi i videoen under. Etterpå utfordrar eg deg til å lage, eller dele, di eiga historie! Her på MyStory!

— Read more —
Contact me Learn more about Jesus

Similar stories