Jakob Haaberg

Norway

Eg er eit forbilete!

Eg har alltid vore ein kristen. Eg har vakse opp i ein god, trygg og kristen familie, noko som inkluderte mange møter som måtte oververas; dei lange, "kjedelege" der gjennomsnittsalderen jamt over var pensjonistalder. No overdriv eg kanskje litt, men for meg føltes det ofte sånn.

Overgang til å vere eit forbilete

Stor stas vart det då å få vere med pappa på Junior-Ving på bedehuset, ein klubb for ungar frå 2. til 4. klasse. Det virka så kjekt å vera leiar. Sidan den gong har eg gått gradene sjølv; eg starta som deltakar på Junior-Ving (2.-4. klasse), og fekk begynne å reise på leir åleine for fyrste gong. Ettersom åra gjekk blei eg gammal nok til å begynne på fredagsklubben, som er klubben for dei frå 5. Klasse til 7.klasse. Då eg begynte i sjuande klasse, blei eg og spurd om eg kunne vera med som hjelpeleiar på Junior-Ving. Dette blei starten på min karriere som leiar innan kristne samanhengar. Seinare same året mangla dei leiarar på ein barneleir, og då eg blei spurd om eg kunne vere med, svara eg sjølvsagt ja. Sidan har det blitt veldig mange fleire leirar.

"Sjukdommen" Dobbelmoral

Til tross for dette, har ikkje livet som kristen, leiar og forbilde vore alltid like lett. Då eg skulle begynne på ungdomsskulen blei eg utsett for dilemmaet rundt dobbelmoral. Eg prøvde nok hardare enn før å vera i kategorien kul. Eg visste det var mange yngre som såg opp til meg på bedehuset og på leirar, men det livet fikk halde seg innanfor bedehusdørene. Då eg oppheldt meg på leir og på bedehuset oppførte eg meg skikkeleg, mens eg på ungdomsskulen oppførte meg likt det ein kan kalla ein drittsekk. Eg begynte å gjere det meste for å bli godkjent, spesielt med eit stygt språk, og banning blei plutseleg ein del av kvardagsspråket mitt. Var eg med kristne vener og i kristne samanhenger derimot, klarte eg å la vere.

Dette livet levde eg ei god stund. Etterkvart blei det slitsamt å måtte tenke seg om kven ein snakka med før ein sa noko. No var eg og blitt velt inn i styret til den lokale ungdomsklubben UKS på bedehuset. Det blei også fleire og fleire leirar der eg blei med leiar.

 

Oppi alt dette, tenkte eg aldri at det eg gjorde var feil. Eg følte det var sånn eg måtte kommunisera med folk som ikkje gjekk på bedehuset. Samtidig tenkte eg så stort om meg sjølv, om kor flink eg var som var leiar på leir, for ikkje å gløyma kor heldig Indremisjonssamskipnaden og Gud var, som hadde meg.

 

Vendepunktet: ein leirdeltakar

Det store vendepunktet kom då eg var leiar på leir for 2-4 klasse. For ver du sikker; vendepunktet kom. Ein av deltakarane kom bort til meg og spurde rett ut: "Jakob, banne du?". Spørsmålet sette meg heilt ut. Eg begynte å tenka fort; skulle eg lyga? Eller skulle eg vera så ærlig og sei ja? Det enda med et nei. Den største grunnen til at eg laug, var at eg ikkje ville skuffa deltakaren. Eg visste at han såg opp til meg, og eg hadde opplevd så mange gonger sjølv å bli skuffa då eg var mindre, over menneske eg såg opp til som plutseleg både drakk og snuste. Eg ville ikkje at denne deltakaren skulle oppleve det same som meg.

Resultatet av leirdeltakaren / min hjertesak.

Resultatet av at guten kom bort til meg å spurde om eg synda, gjorde at eg ville endra meg. Eg bad til Gud om hjelp til å klare å ikkje banna meir. Eg bad Han og om styrke og kraft til å få vera eit godt forbilde for folk rundt meg, då spesielt ungane på bedehuset og på leirane. Etter å ha jobba med meg sjølv, med god hjelp av Gud, blei den stygge uvanen sakte, men sikkert, vekke.

Eg er heilt sikker på at Gud sendte denne guten bort til meg. Gud visste kva eg trengte; å få sanninga i fleisen. Den store omveltinga i livet mitt den gang, har ikkje berre fått virke då. Den har gjort at eg i dag har fått eit hjerte for å bevisstgjere ungdom om kva slags rolle det er dei har som leiarar. Same i kva slags grad eller for kven det er; ein spiller ein utrulig stor rolle! Denne rollen gjev deg ein påverkingskraft som du kanskje ikkje er klar over størrelsen på. Det er nettopp dette eg vil gjere deg klar over. Eit tips er å prøva å vere så lik som muleg det største forbildet som har vandra på jord, nemleg Jesus. Tenk over kva det er du gjer, og kva slags forbilde det er du ynskjer å vere.

Om du har spørsmål, eller lurer på eit eller anna i denne teksten. Så ta kontakt med meg!! 

Til slutt vil eg dela to bibelvers som kan vere kjekke å ha i bakhovudet:

1 Peter 5,3: Gjer dykk ikkje til herre over dei Gud har gitt dere ansvar for, men ver eit forbilde for flokken.

1. Timoteus 4,12: La ingen forakte deg selv om du er ung, men vær et forbilde for de troende i ord, livsførsel, i kjærlighet, tro og renhet!

— Read more —
Contact me Learn more about Jesus

Similar stories