Nora

Gud ga meg eit teikn

Eit blodraudt lommetørkle

Denne hendinga går mange år tilbake i livet mitt. Eg var heime, og åleine på rommet mitt. Eg var sterkt nedbroten og kjente at livet butta imot på det aller sterkaste. Eg vart påført skader i mitt indre som var nok til å bryte ned ein heil koloni mennesker, trur eg. Og dette gjekk over mange år. Eg var tyrannisert, traumatisert og so langt nede som det vel var mogleg å komme. Gjennom dei to - tre siste åra hadde eg teke fram bibelen og prøvt å lese i den, men nei. Ordet var liksom daudt. Det var tungt å lese og ga meg absolutt ikkje noko. Denne spesielle dagen gråt eg. Mykje. Livet var so vondt, so tungt, og so vanskeleg. Eg skjønte ikkje korleis eg skulle greie å komme meg vidare. Til det var eg for skuffa, og for vonbroten. Eg var rett og slett øydelagt. Difor la eg meg på kne framføre nattbordet, ved vindauget. Eg hadde nokre kvite papirlommetørkle ved sida av, som eg brukte for å tørke andletet. Eg roper (inni meg, for Gud hjelpe om dei nede hadde høyrt meg, dei trudde ikkje på noko),og ber til ein Gud som eg ikkje visste kvar var. Eg ba i all mi avmakt utan å vete kvar det førte hen. Og so skjedde det underlege. Papiret som eg nyleg hadde tørka andletet mitt med, alle tårene som rann, var brått raudefarga! Ein farge som breidde seg utover der det var vått. Eg stoppa brått opp, gråten stilna, og eg studerte tørkleet. Kva var dette? Og det berre slo meg. Det var Gud som såg meg. Gud si helsing. Gud som viste i all sin godheit at eg ikkje var åleine. At Han var der. Og strakte ut ei arm. Han ga meg eit teikn på sin eksistens. Allikevel, for å kontrollere at det ikkje var nokon produksjonsfeil tok eg med meg papirlommetørkleet, og gjekk ut til vasken uti gangen. Heldt det under springen og testa at det ikkje vart raudt då også. Men nei, ikkje noko farge kom fram då. Dette endra meg. Eg kom til trua på Gud, på Jesus. Eg tok kontakt med ein annan kristen, og eg byrja i ei menigheit. Og den dag idag har eg bevart trua. Bibelen betyr mykje for meg, og ordet taler til meg, igjen og igjen. Som ei openberring. Alt av nåde. Og ei spennande verd opna seg. Men ungdomstida fortsatte å vere svært utfordrande. Også vaksenlivet sidan det var so utfordrande som tidleg ung.

— Read more —
Contact me Learn more about Jesus

Similar stories