Linda Aase

STORD, Norway

GUD KJENNER MEG PERSONLIG

Min historie

Eg er oppvaksen i ein kristen heim. Men eg hadde ikkje eit personlig forhold til Jesus. Eg kjente han utfrå dei historiane og andaktane eg høyrde i ulike samanhengar.

Sjølv om eg ikkje hadde eit personlig forhold til Jesus, hadde eg likevel kristne verdiar. Noko som var den største grunnen til at eg søkte meg inn på Lundeneset vidaregåande skule, som er ein kristen internatskule. Eg fekk mange kristne venner, men me gjekk aldri inn på kva det ville sei å vera ein kristen. Me snakka sjelden om Gud, men likevel så var det ein sterk følelese av at eg hadde Gud med meg.

 

Bønn til Gud forandra meg

Eg begynte å be til Gud om ulike ting. Eg ba mykje, og fekk mykje svar. Eg fekk endelig oppleve Gud, skikkelig og personlig på grunn av bønn. Etter vidaregåande, bestemte eg meg for å bli enda bedre kjent med bibelen, Gud og Jesus. Eg søkte meg inn på Bildøy Bibelskule i Bergen. Da var då alt egentlig starta.

På Bibelskulen var det elevar frå ulike bakgrunnar og menighetar som var samla på ein plass. Dette syntest eg var veldig spennande. Eg lærte mykje nytt om kva det vil sei å tru, og ikkje minst kva det vil sei å ha med seg Gud i kvardagen. Nådegåver var det som traff meg mest. Visst eg skal beskriva Gud i ein setning, så hadde det vore: "Gud kjenner meg personlig, og vil meg det beste. Det å bli kjent med kva nådegåver er, og det å finne kva Gud vil med bruke meg til, blei for meg da mest personlige møte med Gud.  

Etter to år utforbi "kristenbobla" har eg blitt bedre kjent med meg sjølv og med Gud. Eg lytter til hans stemme for glede, trøst og veiledning. Han har gitt meg ufattelig mykje på min vei. Han gir meg aldri utfordringar eg ikkje klarar, men gir meg akkurat det eg treng. Han utruste meg i dei ulike situasjonane eg står i og er med meg i møte med mennesker.

 

Gud vil bruka meg

Eg har fått opplevd ulike nådegåver: tungetale, helbredelse, forkynnelse. Men den som kjem igjen og igjen er profetiske bilder. Det dukker ofte opp bilder i tankane mine. Hjerta mitt slutter ikkje å dunke dobbelt med mindre eg teiknar bildene. Eg har ikkje nådegåver i teikning, men strekmannen er ei stor redning. Gud fortel meg kven som skal få bilde, og eg gir det vidare. Dette synst eg er kjempespennande. Gud forundre og overraske meg stadig. Det er spennande å følgje Gud. Eg veit ikkje kva neste dag vil bringa, men eg veit han vil meg da besta. Sjølv om eg ikkje føler meg god nok, vil Gud bruka MEG. Han har ein personlig plan for mitt liv og da er GODT å tenkja på.  

Har du nokon spørsmål eller kommentarar? Eg har kjempelyst til å snakka med deg! Gi meg ein lyd!

 

— Read more —
Contact me Learn more about Jesus

Similar stories