Gunvor

Litt om meg og mitt

Eg er tidlegare lærar, men eingong lærar alltid lærar. Blei ufør på grunn av hjarteproblem i 2009 og har sidan det gått mykje tur i skog og fjell i nærområdet vårt, tatt mykje bilete og skrive mykje dikt og tekstar av ulikt slag. Dette blir stort sett delt på Facebook og eg kjenner det som ei lita oppgåve å gi positive innputt i dagane til mine venner.

Har og vore søndagsskulelærar i ca 40 år og hatt barneforening like lenge. Livet mitt med Jesus har vore prega av ein oppvekst i ein kristen heim, mykje møter og ei mor med tillitsfull tru på Jesus. På slutten av livet var ho dement, men likevel var ho klar nok til å sitera frå salme 23 og seia med overbevisning: "men Jesus vil jeg møte først av alt.

Legg ved eit dikt som eg har skrive:

Salme 23

På tur opp i beiter og lier

på stiar eg trakkar så tidt,

der får mine tankar svive

eg tenkjer på mine og mitt.

 

Litt seinare sit eg i kyrkja

der klokkaren les for oss

om Herren som er vår hyrde,

og gav sitt liv på ein kross.

 

Ein hyrde for heile jorda,

for alle som tilflukt treng.

Ein hyrde som let oss kvila

i grønaste blomstereng.

 

Han leier til kvilens vatn,

Han styrkjer mi trøytte sjel,

På rettferdssti får eg vandre,

I skuggenes dal tar han del.

 

Han er min trøystar og hjelpar,

han dekkar bord til meg.

Han salvar mitt hovud med olje

og viser til himmelen veg.

 

Ein hyrde av beste slaget

tar vare på sine lam.

Hans navn er den gode hyrde

han går ved vår side heilt fram.

 

Så godt å dette vite,

når tung blir min vandringsveg.

I både bakkar og lier,

Hans augo kviler på meg.

(10/4-16)

 

 

— Read more —
Contact me Learn more about Jesus

Similar stories